Stabbursfrieri

Sigrid Moldestad, folkemusikarHelga 26.-28. august skjer det i Leveld Kunstnartun. Me markerer at tunet er ferdig utbygd med storstilt kulturfestival – Stabbursfrieri. Her blir det bokbad, konsertar, film, foto og utstilling.

Forfattar Jostein Gaarder kjem. Det same gjer Sigrid Moldestad med band, Knut Reiersrud, Signe Seim, Berit Opheim, Helga Myhr, Knut Bry og mange fleire.

Jostein GaarderBortimot 20 biletkunstnarar som har budd og arbeidd i kunstnartunet stiller ut.

Fredag 26. august blir det kulturprogram, utstillingsopning og offisiell opning av ferdig utbygd kunstnartun ved leiar i kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg. 27 og 28. august blir Leveld Kunstnartun gjort om til festivaltun.

Billettsalet er i gang på Hallingbillett

Her er programmet:

Fredag 26. august kl. 19.00:
- Kulturprogram på utescenen
- Opning av biletutstilling
- Offisiell opning av ferdig utbygd kunstnartun ved leiar i kulturkomite på Stortinget, Svein Harberg (H)
- Festen held fram i Låven

Knut ReiersrudUtstillarar: Lotte Konow Lund, Jenny Alnæs, Dan Skjæveland, Ivar Papadopoulos Samuelsen, Grete Neseblod, Marit Morell, Oddbjørg Reinton, Roni Baroth, Liv Hilde Holum, France Dubois, Annette Falk Lund, Fiene Scharp, Ingrid Lønningsdal, Arno Peeters, Iris Honderdos, Hector Hernandez Rosas, Darren Rigo, Winnie Truong, Kjersti Lande og Susanne Roti

Laurdag 27. august kl. 12.00 -
Signe Seim – Berit Opheim – Jo Asgeir Lie - Helga Myhr - Ingo Biermann – Samuel Feller – Knut Bry – Marit Tusvik – Hege Rimestad – Tove Bøygard – Knut Reiersrud

Signe Seim 2013Sundag  28. august kl. 12.00 -
Jostein Gaarder – Ingo Biermann – Samuel Feller – Knut Bry – Lene Storhaug – Sigrid Moldestad med band

Billettprisar:
Fredag 26. august: Fri inngang
Laurdag 27. august: 400 kr
Sundag: 28. august: 350 kr
Laurdag og sundag: 600 kr
Under 18 år: Halv pris
Under 12 år: Gratis

Kjøp billettar på Hallingbillett

Søk om opphald våren 2017

Bustadhuset i kunstnartunet.Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt med andre?

Leveld Kunstnartun lyser ut stipendopphald for perioden 1. januar til 31. juli 2017.

Arbeidsopphalda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv.

Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.
Unge kunstnarar kan i tillegg søkje om økonomisk stipend, E-CO-stipendet.

Søknadsfristen er 15.juni 2016.

Sjå full utlysingstekst her

Spania og Canada

_DSC0697Det er internasjonalt i kunstnartunet i tida framover. Denne kvartetten bur og arbeider her dei neste to-tre månadene. Hector Hernandez Rosas er frå Madrid og fotograf, medan Paloma Penarrubia frå Malaga er musikar.

Frå Canada kjem paret Darren Rigo og Winnie Truong frå Toronto. Darren er fotograf, Winnie teiknar. I Leveld Kunstnartun møtest ulike kunstartar og spennande folk frå alle verdenshjørne.

Me ønsker alle fire velkommen og håpar dei får eit flott arbeidsopphald i Leveld!

Les meir om kunstnarane her:
Hector Hernandez Rosas
Paloma Penarrubia
Darren Rigo
Winnie Truong

 

Kunsthøgskolen på besøk

Versjon 2 _DSC0565
Siste veka i januar var Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO) på eit vekesopphald i kunstnartunet.

Mykje av tida brukte dei ute i felten der dei fekk lære om identitet og bunadshandverk. Dyktige damer som kan kvitsaum, bunadsbrodering og bunadssaum underviste studentane. Besøk på Hallingdal Museum, Torpo stavkyrkje, Nesch-museeet, Ål kyrkje og stavkyrkjemuseet stod også på programmet.

Opphaldet vart avslutta hjå Inger Margrethe Medhus som gav studentane ei innføring i hovudplagg. Og som i gamledagar vart studentane fotografert med kvart sitt hovudplagg – andektig og alvorleg!

Dette var fyrste samarebeids-prosjektet mellom KHIO og Leveld Kunstnartun.

 

Hofstad Helleland: – Eit fantastisk tiltak

_DSC0380 _DSC0394
Før nyttår hadde me gleda av å syne kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) rundt i kunstnartunet. Det var ein interessert minister som fekk høyre historia om kunstnartunet, oppleve stemninga i Bjørneboeloftet, møte kunstnar Veronica Hodges og ikkje minst sjå korleis nybygget Låven reise seg i tunet.

«Kunstnartunet er eit fantastisk tiltak, det var difor eg ville dra hit. Initiativ som dette er viktig for å bidra til den profesjonelle kunsten og kulturen. Særleg flott er det at kunstnarar frå heile verda kjem hit. Leveld Kunstnartun er gode på mangfald, på korleis ulike kunstnarar kan leve saman. Det gir kunsten og initiativet ein ekstra dimensjon», uttalte Hofstad Helleland til avisa Hallingdølen.

Les heile intervjuet her

Søk om opphald hausten 2016

Bustadhuset i kunstnartunet.Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt med andre?

Leveld Kunstnartun lyser ut stipendopphald for perioden 1. august til 31. desember 2016.

Arbeidsopphalda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv.

Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.
Unge kunstnarar kan i tillegg søkje om økonomisk stipend, E-CO-stipendet.

Søknadsfristen er 1.februar 2016.

Sjå full utlysingstekst her

 

Kulturpris til kunstnartunet

Kulturpris nettLåven frontBuskerud fylkeskommunes
kulturprisen for 2015 går til Leveld Kunstnartun!

Politikarane vedtok dette i hovudutval for kultur, idrett og folkehelse 12.november. Prisen er på 50.000 kroner i tillegg til ein gravert sølvmedalje og eit diplom. Prisutdelinga skjedde i fylkestingsalen i Drammen, 4. februar 2016.

Me saksar frå fylkeskommunen si pressemelding:

«Buskerud fylkeskommunes kulturpris deles ut som en markering av fremragende kulturarbeid, som har betydning for hele fylket, eller som gjør Buskerud kjent på en positiv måte nasjonalt eller internasjonalt.
- Fylkeskulturprisen til
Leveld Kunstnartun er en honnør til ildsjelene som kollektivt har bidratt til å skape et helt unikt tilbud både for publikum og kunstnere, sier Tonje Kristensen (Ap), leder av hovedutvalget for kultur, idrett og folkehelse i Buskerud fylkeskommune.
Leveld Kunstnartun er en forening som ble stiftet i 2011, og er resultat av et grasrotinitiativ av de sjeldne; et arbeidssted for utøvende kunstnere, kulturarbeidere og kunstfagfolk, og tilbyder av arbeidsopphold av ulik varighet.
Visjonen er tuftet på Levelds kulturhistorie. På 1930-tallet kom et tjuetalls kunstnere til bygda for å arbeide. Agnar Mykle og Jens Bjørneboe er blant kunstnerne som kom til Leveld og ble en del av bygdesamfunnet.
Formidling av arbeidet og prosjektene til de gjestende kunstnerne er en viktig del av kunstnertunets profil, og er et bidrag til kulturlivet både lokalt og nasjonalt.
- Her er samfunnsansvar og visjoner smeltet sammen til et prosjekt, sier Kristensen.»

Les heile pressemeldinga her

E-CO forlengar avtale med kunstnartunet

E-CO er ein god støttespelar for Leveld Kunstnartun. Selskapet har dei siste to åra støtta kunstnartunet med arbeidsstipend til unge kunstnarar. No har Leveld Kunstnartun og E-CO skrive under på ein ny toårsavtale som inneheld midlar til å støtte unge kunstnarar og som samtidig bidreg med pengar til utstillingar og andre aktivitetar. Leveld Kunstnartun er svært glad for å kunne vidareføre samarbeidet med E-CO på denne måten.

ECO_LOGO_RGB_6-61-91 (2)

 

Birgit Hagen-sommar

Velkommen til nye utstillingar i Leveld!

IMG_6673Sommaren 2015 kan du sjå foto av Birgit Hagens vevkunst, stilt ut i skogen ved kunstnartunet. Utstillinga er open døgnet rund, til godt utpå hausten.

Start ved kunstnartunet. Følg den ca. 300 meter lange stigen til andre sida av elva Votna. Her er 22 Birgit Hagen-bileta stilt ut i skogslandskapet.

_DSC0946Når du kryssar lysløypa, startar stigen opp til Eivind Fredlaus si Steinstugu. Langs denne stigen (ca. 1 km) kan du sjå fotoutstillinga Fredlaus av Signe Fuglesteg Luksengard, Thomas Mørch og Ingvild Reinton.

For å gjera turen komplett, kan du køyre/sykle/gå grendavegen gjennom Leveld og sjå 22 Bjørneboe-sitat på garasje- og stabbursvegger.

Les meir om Birgit Hagen og utstillinga her

Bok om Astrid Haugen

AstridbokaAstrid er tittelen på boka Leveld Kunstnartun og Boksmia forlag gav ut våren 2015. Det er Borgny Feten og Olav Randen som har skrive historia om Astrid Haugen (1914-1991). Ho  levde eit liv i omsorg for andre, som heimehjelp i Nordbygdene lenge før dette var ei kommunal oppgåve. Når nokon vart sjuke eller av andre grunnar trong hjelp, var Astrid den fyrste dei ringde til. I dag står Astridstugu i kunstnartunet, og med denne boka ynskjer me å lyfte fram Astrid Haugen og livsgjerninga hennar.

Boka er til sals hjå Perstølen Libris Ål, Hallingmøbler og Snarkjøp Samhald. Du kan også kjøpe/tinge den direkte hjå Boksmia forlag, tlf. 32 08 43 98, epost: boksmia@online.no