Kunsthøgskolen på besøk

Versjon 2 _DSC0565
Siste veka i januar var Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO) på eit vekesopphald i kunstnartunet.

Mykje av tida brukte dei ute i felten der dei fekk lære om identitet og bunadshandverk. Dyktige damer som kan kvitsaum, bunadsbrodering og bunadssaum underviste studentane. Besøk på Hallingdal Museum, Torpo stavkyrkje, Nesch-museeet, Ål kyrkje og stavkyrkjemuseet stod også på programmet.

Opphaldet vart avslutta hjå Inger Margrethe Medhus som gav studentane ei innføring i hovudplagg. Og som i gamledagar vart studentane fotografert med kvart sitt hovudplagg – andektig og alvorleg!

Dette var fyrste samarebeids-prosjektet mellom KHIO og Leveld Kunstnartun.

 

Hofstad Helleland: – Eit fantastisk tiltak

_DSC0380 _DSC0394
Før nyttår hadde me gleda av å syne kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) rundt i kunstnartunet. Det var ein interessert minister som fekk høyre historia om kunstnartunet, oppleve stemninga i Bjørneboeloftet, møte kunstnar Veronica Hodges og ikkje minst sjå korleis nybygget Låven reise seg i tunet.

«Kunstnartunet er eit fantastisk tiltak, det var difor eg ville dra hit. Initiativ som dette er viktig for å bidra til den profesjonelle kunsten og kulturen. Særleg flott er det at kunstnarar frå heile verda kjem hit. Leveld Kunstnartun er gode på mangfald, på korleis ulike kunstnarar kan leve saman. Det gir kunsten og initiativet ein ekstra dimensjon», uttalte Hofstad Helleland til avisa Hallingdølen.

Les heile intervjuet her

Søk om opphald hausten 2016

Bustadhuset i kunstnartunet.Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt med andre?

Leveld Kunstnartun lyser ut stipendopphald for perioden 1. august til 31. desember 2016.

Arbeidsopphalda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv.

Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.
Unge kunstnarar kan i tillegg søkje om økonomisk stipend, E-CO-stipendet.

Søknadsfristen er 1.februar 2016.

Sjå full utlysingstekst her

 

Kulturpris til kunstnartunet

Kulturpris nettLåven frontBuskerud fylkeskommunes
kulturprisen for 2015 går til Leveld Kunstnartun!

Politikarane vedtok dette i hovudutval for kultur, idrett og folkehelse 12.november. Prisen er på 50.000 kroner i tillegg til ein gravert sølvmedalje og eit diplom. Prisutdelinga skjedde i fylkestingsalen i Drammen, 4. februar 2016.

Me saksar frå fylkeskommunen si pressemelding:

«Buskerud fylkeskommunes kulturpris deles ut som en markering av fremragende kulturarbeid, som har betydning for hele fylket, eller som gjør Buskerud kjent på en positiv måte nasjonalt eller internasjonalt.
- Fylkeskulturprisen til
Leveld Kunstnartun er en honnør til ildsjelene som kollektivt har bidratt til å skape et helt unikt tilbud både for publikum og kunstnere, sier Tonje Kristensen (Ap), leder av hovedutvalget for kultur, idrett og folkehelse i Buskerud fylkeskommune.
Leveld Kunstnartun er en forening som ble stiftet i 2011, og er resultat av et grasrotinitiativ av de sjeldne; et arbeidssted for utøvende kunstnere, kulturarbeidere og kunstfagfolk, og tilbyder av arbeidsopphold av ulik varighet.
Visjonen er tuftet på Levelds kulturhistorie. På 1930-tallet kom et tjuetalls kunstnere til bygda for å arbeide. Agnar Mykle og Jens Bjørneboe er blant kunstnerne som kom til Leveld og ble en del av bygdesamfunnet.
Formidling av arbeidet og prosjektene til de gjestende kunstnerne er en viktig del av kunstnertunets profil, og er et bidrag til kulturlivet både lokalt og nasjonalt.
- Her er samfunnsansvar og visjoner smeltet sammen til et prosjekt, sier Kristensen.»

Les heile pressemeldinga her

E-CO forlengar avtale med kunstnartunet

E-CO er ein god støttespelar for Leveld Kunstnartun. Selskapet har dei siste to åra støtta kunstnartunet med arbeidsstipend til unge kunstnarar. No har Leveld Kunstnartun og E-CO skrive under på ein ny toårsavtale som inneheld midlar til å støtte unge kunstnarar og som samtidig bidreg med pengar til utstillingar og andre aktivitetar. Leveld Kunstnartun er svært glad for å kunne vidareføre samarbeidet med E-CO på denne måten.

ECO_LOGO_RGB_6-61-91 (2)

 

Birgit Hagen-sommar

Velkommen til nye utstillingar i Leveld!

IMG_6673Sommaren 2015 kan du sjå foto av Birgit Hagens vevkunst, stilt ut i skogen ved kunstnartunet. Utstillinga er open døgnet rund, til godt utpå hausten.

Start ved kunstnartunet. Følg den ca. 300 meter lange stigen til andre sida av elva Votna. Her er 22 Birgit Hagen-bileta stilt ut i skogslandskapet.

_DSC0946Når du kryssar lysløypa, startar stigen opp til Eivind Fredlaus si Steinstugu. Langs denne stigen (ca. 1 km) kan du sjå fotoutstillinga Fredlaus av Signe Fuglesteg Luksengard, Thomas Mørch og Ingvild Reinton.

For å gjera turen komplett, kan du køyre/sykle/gå grendavegen gjennom Leveld og sjå 22 Bjørneboe-sitat på garasje- og stabbursvegger.

Les meir om Birgit Hagen og utstillinga her

Bok om Astrid Haugen

AstridbokaAstrid er tittelen på boka Leveld Kunstnartun og Boksmia forlag gav ut våren 2015. Det er Borgny Feten og Olav Randen som har skrive historia om Astrid Haugen (1914-1991). Ho  levde eit liv i omsorg for andre, som heimehjelp i Nordbygdene lenge før dette var ei kommunal oppgåve. Når nokon vart sjuke eller av andre grunnar trong hjelp, var Astrid den fyrste dei ringde til. I dag står Astridstugu i kunstnartunet, og med denne boka ynskjer me å lyfte fram Astrid Haugen og livsgjerninga hennar.

Boka er til sals hjå Perstølen Libris Ål, Hallingmøbler og Snarkjøp Samhald. Du kan også kjøpe/tinge den direkte hjå Boksmia forlag, tlf. 32 08 43 98, epost: boksmia@online.no

Bli medlem i kunstnartunet!

Scene01Våren 2015 startar me bygging av arbeidsverkstaden Låven. Bygget vil romme to gode atleier/arbeidsrom, og eit fleirbruksrom/forsamlingslokale i underetasjen.

Når nybygget står ferdig sommaren 2016, er Leveld Kunstnartun utbygd. Kunstnarane på opphald får gode arbeidsforhold, og kunstnartunet blir ein endå meir spennande formidlingsarena. Her ligg det til rette for mange spennande kulturopplevingar.

MedlemstrykkBli med på laget, og meld deg inn i foreninga Leveld Kunstnartun. Me er over 150 medlemmer, og har plass til fleire. Du kan anten teikne livslangt medlemskap til 5000 kroner, og på den måten vere med å sluttfinansiere nybygget. Eller du kan bli årsmedlem for 500 kroner.
Alle som teiknar livslangt medlemskap, får eit ferdig innramma trykk laga av Gunnveig Nerol.

Du melder deg inn ved å betale beløpet til dette kontonummeret: 2320 16 34 555 og sende oss ein mail på denne adressa: leveld.kunstnartun@gmail.com
Har du spørsmål, ring 489 58 455 eller 915 51 435

Velkommen som medlem!

Sidan starten i september 2013 har 16 kunstnarar innan ulike kunstfelt vore på arbeidsopphald. Alle har i løpet av perioden formidla det dei driv med lokalt, i Leveld eller andre stader i Hallingdal. Her er lista over dei som har vore her og kva dei har formidla:

IMG_7415_DSC0047• Hartvig Stenholdt Hansen, Danmark – biletkunstnar, foredrag Leveldtun
• Helen Sæther, Norge – tekstilkunstnar, open dag kunstnartunet
• Annette Falk Lund, Danmark – biletkunstnar, Berlinmur-prosjekt på Bokmessa, Ål kulturhus, utstilling i Galleri Syningen
• Margit Myhr og Erlend Apneseth, Norge – musikarar, konsert Leveldtun
• Astrid Haugen, Norge – skulptør, open dag kunstnartunet
• Lotte Konow Lund, Norge – biletkunstnar, open dag kunstnartunet
• Oddbjørg Reinton, Norge/Frankrike – biletkunstnar, open dag kunstnartunet, utstilling Samhald
• Roni Baroth, Israel – biletkunstnar, open dag kunstnartunet, utstilling Luisa 1Samhald
• Luisa Alpalhao, Portugal – arkitekt, stabburprosjekt med elevar ved Leveld skule
• Bjørn Gustavsson, Sverige – forfattar, foredrag Ål bibliotek
• Alex Johnsson, Danmark – musikar, musikkinnslag Bokmessa, Ål kulturhus
10846282_645003762275448_1909206094896522668_n• Anja Elena Viken, Norge – musikar, konsert Leveld kyrkje
• Veronica Hodges, Danmark, installasjonskunstnar, open dag kunstnartunet
• Eli Sylta, Norge – forfattar, forfattarkveld kunstnartunet
• Anja Majnaric, Kroatsia – oversetjar, foredrag Ål bibliotek
• Marit Tusvik, Norge – forfattar, formidling, Leveldtun
_DSC0453• Caro Krebietke, Tyskland – bilet- og installasjonskunstnar, formidling Leveldtun, utstilling Ålingen kjøpesenter
• Ivar Samuelsen, Norge – biletkunstnar, foredrag Ål bibliotek
• Liv Holum, Norge – arkitekt/biletkunstnar, utsmykking sommarutstilling
• Ingrid Lønningdal, Norge – _DSC1019biletkunstnar, ope hus sommarutstilling
• Espen T. Hangård, Norge – musikar, framføring sommarutstilling
• Grete Neseblod, Norge – biletkunstnar, open dag i kunstnartunet
• Marit Morell, Norge – tekstilkunstnar, open dag i kunstnartunet
• France Dubois, Belgia – fotograf, foredrag/presentasjon Trugeholu, Ål kulturhus
• Alicja Rose, Polen – forfattar, illustratør, foredrag, Ål bibliotek
• Anneli Holmstrom, Finland/Skottland - biletkunstnar, open verkstad i kunstnartunet

• Veronica Hodges, skulptør, Danmark

Norge møter Portugal

Luisa 1Stabbur i Leveld, espigueiros i Nord-Portugal. Det er utgangspunktet til kulturutvekslings-programmet til Luisa Alpalhao.  I oktober var arkitekten i Leveld der ho hadde fleire timar med 6.-klassingane ved Leveld skule. Dei har studert stabbur, vore på besøk på gardar som har stabbur og laga sine eigne ved bruk av ulike slag gjenbruksmateriale. I Portugal gjer ein skuleklasse det same med espigueiros, små steinhus til å lagre mat i, akkurat som norske stabbur.

http://stabbursespigueiros.tumblr.com/

Som avslutning på arbeiLuisa IIIdsveka var 6. klassingar i Leveld samla på skulen saman med foreldre og besteforeldre for å fortelje om prosjektet (sjå bileta). Ungane og Luisa synte kva dei har gjort. Luisa kjem tilbake i desember, og eit par gonger til på nyåret. Då blir det meir utforsking av stabbur, og fleire kreative tiltak for å lyfte fram stabburshistoriene og idear til korleis me kan bruke desse bygningane i dag.

http://cargocollective.com/guardadoresdocampo

Sjå fleire biletglimt her