Musikarar får E-CO-stipendet

Erlend og MargitFolkemusikkduoen Margit Myhr (23) og Erlend Apneseth (23) er dei fyrste som får Leveld Kunstnartun sitt E-CO-stipend.

Stipendet går til unge, talentfulle kunstnarar på arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun. I det fyrste driftsåret går stipendet til Margit Myhr (vokal m.m.) frå Torpo og Erlend Apneseth (hardingfele) frå Jølster. Dei får begge eit stipend på 8000 kroner.

Myhr og Apneseth kom til Leveld Kunstnartun i januar, og skal vere her til slutten av mars. I denne perioden skal dei blant anna arbeide fram materiale til ein felles konsert som blir på Leveldtun fredag 21. mars.

- Me er glade for at stipendet i år går til folkemusikkduoen Myhr og Apneseth og ønskjer dei lykke til med opphaldet i Leveld og den planlagde avslutningskonserten mot slutten av opphaldet, seier Torill Berdal, HR og kommunikasjonsdirektør i E-CO Energi.

Leveld Kunstnartun er fornøgd med å ha Myhr og Apneseth på tre månaders arbeidsopphald. Prosjektleiar Michael Teisen set også pris på engasjementet og stipendsamarbeidet med E-CO Energi.

Erlend Apneseth i 2013:
Debuterte med soloplata «Blikkspor» som vart sleppt i oktober 2013. Same månad var han månadens artist på Riksscene. Han har også vore med Bergen Filharmoniske orkester i oppsetjinga «Peer Gynt – ei konsertforestilling», og spelt i Polen og Japan med strupesangar og joikar Torgeir Vassvik. Erlend debuterte i A-klassen på Landskappleiken med å spele seg til finalen og mottok Fureprisen på 50.000 kroner, ein talentpris for musikarar under 25 år.

Margit Myhr i 2013:
Starta i februar på «Kurs i berättande teater» ved Västanå Teater, og deltok i sommaroppsetjinga «Nils Holgersson» som gjekk for 53 fulle hus i Sunne i Sverige. Har hatt fleire konsertar med gruppa Firil, som sist vår gav ut plata «Smile som sumarsole». Med i Västanå Teater si forestilling «Farmors historier» som sist haust turnerte rundt i Sverige. Reiste til Isle of Man saman med Erlend Apneseth og gjorde konsert og workshops i lag med tre lokale musikarar frå øya. Var med på konsertprosjektet «Dei nye tradisjonsberarane» på Riksscenen og Osafestivalen med Ale Möller som mentor.

Støttar kulturlivet
E-CO Energi er oppteken av å støtte kulturlivet i Hallingdal, og Torill Berdal er imponert over dugnadsånda bak etableringa av Leveld Kunstnartun. Derfor ønskjer E-CO Energi å støtte dette initiativet ved å dele ut eit årleg stipend til unge og lovande kunstnarar uavhengig av sjanger.

- Me ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med Leveld Kunstnartun og håpar mange unge kunstnarar får nyte godt av tilbodet i åra som kjem, seier Torill Berdal.