Birgit Hagen-sommar

Velkommen til nye utstillingar i Leveld!

IMG_6673Sommaren 2015 kan du sjå foto av Birgit Hagens vevkunst, stilt ut i skogen ved kunstnartunet. Utstillinga er open døgnet rund, til godt utpå hausten.

Start ved kunstnartunet. Følg den ca. 300 meter lange stigen til andre sida av elva Votna. Her er 22 Birgit Hagen-bileta stilt ut i skogslandskapet.

_DSC0946Når du kryssar lysløypa, startar stigen opp til Eivind Fredlaus si Steinstugu. Langs denne stigen (ca. 1 km) kan du sjå fotoutstillinga Fredlaus av Signe Fuglesteg Luksengard, Thomas Mørch og Ingvild Reinton.

For å gjera turen komplett, kan du køyre/sykle/gå grendavegen gjennom Leveld og sjå 22 Bjørneboe-sitat på garasje- og stabbursvegger.

Les meir om Birgit Hagen og utstillinga her

Bok om Astrid Haugen

AstridbokaAstrid er tittelen på boka Leveld Kunstnartun og Boksmia forlag gav ut våren 2015. Det er Borgny Feten og Olav Randen som har skrive historia om Astrid Haugen (1914-1991). Ho  levde eit liv i omsorg for andre, som heimehjelp i Nordbygdene lenge før dette var ei kommunal oppgåve. Når nokon vart sjuke eller av andre grunnar trong hjelp, var Astrid den fyrste dei ringde til. I dag står Astridstugu i kunstnartunet, og med denne boka ynskjer me å lyfte fram Astrid Haugen og livsgjerninga hennar.

Boka er til sals hjå Perstølen Libris Ål, Hallingmøbler og Snarkjøp Samhald. Du kan også kjøpe/tinge den direkte hjå Boksmia forlag, tlf. 32 08 43 98, epost: boksmia@online.no