Kunsthøgskolen på besøk

Versjon 2 _DSC0565
Siste veka i januar var Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO) på eit vekesopphald i kunstnartunet.

Mykje av tida brukte dei ute i felten der dei fekk lære om identitet og bunadshandverk. Dyktige damer som kan kvitsaum, bunadsbrodering og bunadssaum underviste studentane. Besøk på Hallingdal Museum, Torpo stavkyrkje, Nesch-museeet, Ål kyrkje og stavkyrkjemuseet stod også på programmet.

Opphaldet vart avslutta hjå Inger Margrethe Medhus som gav studentane ei innføring i hovudplagg. Og som i gamledagar vart studentane fotografert med kvart sitt hovudplagg – andektig og alvorleg!

Dette var fyrste samarebeids-prosjektet mellom KHIO og Leveld Kunstnartun.

 

Hofstad Helleland: – Eit fantastisk tiltak

_DSC0380 _DSC0394
Før nyttår hadde me gleda av å syne kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) rundt i kunstnartunet. Det var ein interessert minister som fekk høyre historia om kunstnartunet, oppleve stemninga i Bjørneboeloftet, møte kunstnar Veronica Hodges og ikkje minst sjå korleis nybygget Låven reise seg i tunet.

«Kunstnartunet er eit fantastisk tiltak, det var difor eg ville dra hit. Initiativ som dette er viktig for å bidra til den profesjonelle kunsten og kulturen. Særleg flott er det at kunstnarar frå heile verda kjem hit. Leveld Kunstnartun er gode på mangfald, på korleis ulike kunstnarar kan leve saman. Det gir kunsten og initiativet ein ekstra dimensjon», uttalte Hofstad Helleland til avisa Hallingdølen.

Les heile intervjuet her