Stabbursfrieri

Sigrid Moldestad, folkemusikarHelga 26.-28. august skjer det i Leveld Kunstnartun. Me markerer at tunet er ferdig utbygd med storstilt kulturfestival – Stabbursfrieri. Her blir det bokbad, konsertar, film, foto og utstilling.

Forfattar Jostein Gaarder kjem. Det same gjer Sigrid Moldestad med band, Knut Reiersrud, Signe Seim, Berit Opheim, Helga Myhr, Marit Tusvik, Knut Bry og mange fleire.

Jostein GaarderBortimot 20 biletkunstnarar som har budd og arbeidd i kunstnartunet stiller ut.

Fredag 26. august blir det kulturprogram, utstillingsopning og offisiell opning av ferdig utbygd kunstnartun ved leiar i kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg. 27 og 28. august blir Leveld Kunstnartun gjort om til festivaltun.

Billettsalet er i gang på Hallingbillett

Her er programmet:

Fredag 26. august kl. 19.00:
- Kulturprogram på utescenen
- Opning av biletutstilling
- Offisiell opning av ferdig utbygd kunstnartun ved leiar i kulturkomite på Stortinget, Svein Harberg (H)
- Festen held fram i Låven med Freddy Dahl

Knut ReiersrudUtstillarar: Lotte Konow Lund, Jenny Alnæs, Dan Skjæveland, Ivar Papadopoulos Samuelsen, Grete Neseblod, Marit Morell, Oddbjørg Reinton, Roni Baroth, Liv Hilde Holum, France Dubois, Annette Falk Lund, Fiene Scharp, Ingrid Lønningsdal, Arno Peeters, Iris Honderdos, Hector Hernandez Rosas, Darren Rigo, Winnie Truong, Kjersti Lande og Susanne Roti

Laurdag 27. august kl. 12.00 -
Signe Seim – Berit Opheim – Jo Asgeir Lie - Helga Myhr - Ingo Biermann – Samuel Feller – Knut Bry – Marit Tusvik – Hege Rimestad – Kor for uss – Tove Bøygard – Knut Reiersrud

Signe Seim 2013Sundag  28. august kl. 12.00 -
Jostein Gaarder – Ingo Biermann – Samuel Feller – Knut Bry – Lene Storhaug – Sigrid Moldestad med band

Billettprisar:
Fredag 26. august: Fri inngang
Laurdag 27. august: 400 kr
Sundag: 28. august: 350 kr
Laurdag og sundag: 600 kr
Under 18 år: Halv pris
Under 12 år: Gratis

Kjøp billettar på Hallingbillett

I heile sommar, også under festivalen, kan du sjå Birgit Hagen-utstilling i skogen ved kunstnartunet. Der heng også utstillinga Fredlaus. Rundt bygda kan du sjå eit tjuetals Bjørneboe-sitat på garasje- og stabbursvegger. Les meir om utstillingane her