Utlysing av arbeidsopphald hausten 2018

Leveld Kunstnartun lyser ut stipendopphald for perioden 1. august til 31.desember 2018.

Arbeidsopphalda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv.

Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.

Søknadsfristen er 15.februar 2018.

Utlysing for opphald januar – august 2019 vil ha søknadsfrist 1.september 2018.

Sjå full utlysingstekst her