CreDogma

Credo DogmaNår du er innom kunstnartunet, må du få med deg installasjonen CreDogma.  Kunstverket er todelt, ein skulptur og eit lydspor. Det er skapt av det nederlandske kunstnarparet Arno Peeters og Iris Honderdos som budde på Leveld Kunstnartun sommaren 2016.

Dei kom hit med eit ope sinn utan å ha bestemt kva die ville skape her. Dei vart raskt fanga inn av Jens Bjørneboe, som dei aldri hadde høyrt om. Dei las «Frihetens øyeblikk» og vart fengsla av motet hans til å stå opp for det han trudde på og kjempe for det i det offentlege rom. Med Bjørneboe som ballast begynte dei sitt kunstnariske arbeid med CreDogma.

Les meir om CreDogma her

Sjå film om CreDogma her