Fotografar i skogen

KortAmfi i skogen

Årets sommarutstilling heiter 4 fotografar. Utstillinga er open døgnet rundt, heile sommaren.

Dei fire fotografane – Hector Hernandez Rosas frå Spania, France Dubois frå Belgia, Loek van Vliet frå Nederland og Darren Rigo frå Canada – har alle budd og arbeidd på kunstnartunet. Fleire av bileta i utstillinga er tekne i Leveld, og alle er arbeidd med under opphalda her.

FranceUtstillinga startar på hjørnet av Leveld Kunstnartun og følgjer den gamle kjerrevegen over Votna. Her er dei 24 bileta hengt opp i skogen. Turen er ca. 2 km lang.

I tillegg til 4 fotografar, heng fjorårets utstilling med bilete av vevarbeida til Birgit Hagen framleis oppe. Så du får mange fine opplevingar ved å ta spaserturen gjennom skogen.

Og Bjørneboe-sitata frå 2013 heng framleis på garasje- og stabbursvegger langs grendavegen i Leveld.

Me ynskjer deg ei fin natur- og kunstoppleving!

Les meir om utstillinga her