Harberg: – Ein unik kunstnarstad

_SFL4060- Leveld Kunstnartun er ein unik kunstnarstad, sa Svein Harberg då han opna ferdig utbygd kunstnartun og festivalen Stabbursfrieri fredag 26. august.

Leiaren i kulturkomiteen på Stortinget stod for den offisielle opninga framfor vel 250 frammøtte i det nye amfiet i tunet. Svein Harberg (H) refererte til Jostein Gaarders uttale til Hallingdølen då kunstnartunet opna i 2011. Gaarder meinte staden ville få nasjonal betydning og vekkje internasjonal interesse.
- Dette har slått til. Leveld er der allereie, sa Harberg i opningstalen.

Og han stilte seg spørsmålet: Korleis kan dette skje? Og svara sjølv ved å vise til eldsjeler som har synt engasjement og handling. Slikt kan ikkje kan vedtakast av politikarar og kommunestyre, understreka han.
- Men i tillegg til eldsjelene har ei heil bygd engasjert seg og reist kapital til å realisere kunstnartunet. Korleis kan slikt skje? spurde han på nytt.

IMG_1691 (2)Harberg var glad for å kunne opne eit kunstnartun, og ikkje eit kunsttun. Hit kjem kunstnarar, og her får dei leve og utfalde seg. Då skjer det noko. Leveld Kunstnartun er ein smeltedigel.
- Dette er ein unik smeltedigel og ein unik kunstnarstad. Det skal de vera stolte av! sa Harberg og hadde ei utnemning på lager:
- Leveld og kunstnatunet har Europas mest aktive og gode lobbyistar, sa han muntert og viste til at han har følgd tunet og alt som har skjedd her lenge, sjølv om det var fyrste gongen han var til stades i helga.
- Gratulerer så mykje med – hittil – ferdig utbygd kunstnartun, sa Harberg og erklærte tunet for opna.