Leveld Kunstnartun på statsbudsjettet

Kunstnartunet har nådd ein viktig milepæl: I budsjettavtalen mellom regjeringspartia Høgre  og Frp og støttepartia KrF og Venstre ligg 400.000 kroner til drift og utvikling av Leveld Kunstnartun. Det er me svært takksame for!

15202575_1051485884960565_3048951590457403503_nHeilt sidan starten i 2011 har målet vore å gjera Leveld Kunstnartun til ein nasjonal kunst- og kulturarena. Den statusen får me stadfesta når tiltaket no er inne som post på statsbudsjettet.

Det er mange som fortener ein takk. Kunstnartunet har hatt god oppbakking av Ål kommune og 14086291_971989242910230_5124839527689245783_oBuskerud fylkeskommune. Og me vil takke politikarane i kulturkomiteen på Stortinget for måten me har vorte møtt på når me har presentert kunstnartunet, og for oppfølginga vidare fram til at me no er inne på statsbudsjettet. Ein spesiell takk til leiar Svein Harberg (H) og nestleiar Geir Jørgen Bekkevold (KrF), men også dei andre me har hatt møte med: Ib Thomsen og Morten Stordalen (FrP) og Hege Haukeland Liadal (Ap). Venstre har ingen medlem i kulturkomiteen, men me er glad for støtte frå partileiar Trine Skei Grande som besøkte kunstnartunet våren 2015. Og takk til alle andre som har stått på og hjelpt oss fram til der me er i dag.

Med eit statleg engasjement har kunstnartunet lagt grunnlaget for ei stabil og god drift i åra framover. Derfor er dette ein stor dag for Leveld Kunstnartun!