Leveld

Leveld og Blåbergi med Lauvdalsbrea, sett fra Haugsnatten i Leveld.Leveld er ei levande bygd i Ål kommune, Hallingdal, med om lag 300 innbyggjarar. Bygda ligg 700 meter over havet, ved foten av Skarvheimen, med utsyn mot Lauvdalsbrea, Reinsekarvet og Hallingskarvet. Med utgangspunkt i Leveld kan ein enkelt oppleve fjellet i alle årstidsvariasjonar.

Bygda har 1 til 7-skule, barnehage, samfunnshus, svømmehall og lysløype. Det er 13 km til Ål sentrum der du finn dei feste typar butikkar. Her ligg også Ål kulturhus som gjennom heile året tilbyr eit rikt utval av konsertar, teater og andre kulturarrangement. Kulturhuset har bibliotek, utstillingslokale og husar den største private samling av Rolf Nesch-kunst – i Nesch-museet.

Leveld ligg lett tilgjengeleg midt i hjartet av Fjell-Norge. Ein kjem hit med bil – på Riksveg 7 – eller med jernbane. Med sin plassering midt mellom Oslo og Bergen har Ål stasjon alltid spelt ei viktig rolle for Bergensbanen.

Leveld er kjent for sitt sæmerkte kulturlandskap, der gardane ligg som perler på ei snor oppe i dalsida. Bygda har vore nominert til nasjonalt kulturlandskapsområde.

I Leveld har kunstnarar funne inspirasjon i lange tider. Gerhard Munthe var her ein haustdag på 1880-talet, og vart svært begeistra. «Nå vet jeg hvofor det heter Leveld, det kommer av Lauveld», skal han ha uttalt. Seinare kalla han huset han sette opp på Lysaker for «Villa Levelde».

Seinare, frå 1930 og utover, kom ei lang rekkje kunstnarar til Leveld. Dei budde på gardane. Mange av dei vart fascinert av lyset i Leveld, ein av dei var Thor Bøhn:

«Det gjaldt å få kosmiske perspektiver inn i bildene, og i denne sammenhengen føltes kanskje Leveld annerledes enn for eksempel Telemark. Leveld var liksom løftet opp i et annet lys, høyfjellet var nærmere, man befant seg på verdens tak i en atmosfære av besynderlif letthet», uttalte Thor Bøhn.

Leveld Kunstnartun ligg sentralt i Leveld.

Følg Leveld Kunstnartun på Facebook