Arbeidsopphald

Arbeidsopphald blir lyst ut to gonger i året. Tunet er fylt opp til sommaren 2017, og utlysing for andre halvår har søknadsfrist 20. februar.

 1. Arbeidsopphald og vilkår

Opphaldet er tiltenkt ulike type kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar og kulturarbeidarar m.v. Det er eit vilkår at ein er medlem i ein fagorganisasjon, til dømes Norske Billedkunstnere, forfatterforeninga m.v., eller at ein kan legge fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.

Stipenda inneheld gratis opphald i kunstnartunet med bruk av verkstad og internett. Stipendiatane må sjølve ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk.
Opphaldsperiodane er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatane under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relaterte emne lokalt, i form av utstilling, opplesing, kurs, konsert e.l., anten i kunstnartunet eller andre eigna stader i Hallingdal.
Opphald startar normalt sundag, og sluttar laurdag. Av omsyn til fleirbruk kan brukarar av tunet ikkje ha med kjæledyr.

ECO_LOGO_RGB_6-61-91 (2)Etter avtale med sponsoren vår, E-CO Energi, kan unge kunstnarar i tillegg søkje om økonomisk stipend. Søkjer du om slikt stipend, skriv du det i same søknaden som stipendopphald. Eventuelt stipend blir utbetalt etterskotsvis.

Ved annan type opphald, miniseminar m.m., er basisprisen å betale 5000 kr pr. månad.

2. Leveld Kunstnartun
Leveld Kunstnartun består av eit nyoppussa bustadhus – Lærarbustaden – frå 1950-talet. Huset er på 168 m² og har to doble soverom. Det eine har ekstra seng i ein nisje. Det er nyoppussa kjøkken, bad og toalett. Huset har to lyse stover med spise- og arbeidsbord, sofa, reol m.m. I underetasjen, med vindauge, er det garasje med verkstadsmoglegheiter. Det er internettilgang. Ved normal bruk kan 1-2 personar bu i huset, men det er mogleg med opphald for opp til fire-fem personar i samarbeidsprosjekt/miniseminar, så sant ein kan dele soverom. Lærarbustaden har trapper og oppfyller ikkje dagens krav til universell utforming.
Astridstugu er ei bueining på 45 m² med eitt soverom, bad, kjøkken og stove. Astrid-stugu har plass til 1-2 personar.
Skålen inneheld eit 20 m² atelier/verkstad, fleksibelt bygd til ulik type bruk, med bra lys og arbeidsbord.
Bjørneboe-loftet (stabbur) har to etasjar med tre opphaldsrom og kan brukast som inspirasjonsrom og skrivestove.
Låven inneheld to atelier i øverste høgda, eit på 50 m² og eit å 25 m². Begge er fleksibelt bygd til ulik type bruk, med bra lys og arbeidsstad. I nedre høgda er det eit stort forsamlingslokale.
Opphaldet er basert på sjølvhushald og eige sluttreingjering.

3. Bygda Leveld
Leveld er ei aktiv grend i Ål i Hallingdal, midt i hjartet av Fjell-Norge, om lag 700 meter over havet. Bygda har eit særeige kulturlandskap der gardane ligg som perler på ei snor oppe i dalsida. Leveld har vore nominert til bevaringsverdig kulturlandskapsområde. Bygda har om lag 300 innbyggjarar, 1-7 skule, to avdelings barnehage og nærbutikk.. Det er gode moglegheiter for fjellturar i nærområda, rundt Blåbergo, Lauvdalsbra, Reineskarvet og Bergsjø, både sommar og vinter.
Kunstnartunet byggjer på Leveld si kulturhistorie. Frå 1930 og utover kom eit tjuetals kunstnarar til bygda for å arbeide, dei fleste målarar. Dei budde på gardane og vart ein del av bygdemiljøet. Agnar Mykle og Jens Bjørneboe var blant forfattarane som kom til Leveld. Bjørneboe kjøpte eit loft som han på 1950-talet brukte til ferie- og arbeidsstad. Loftet står no i Leveld Kunstnartun til bruk som inspirasjonsrom og skrivestove.
Det er denne tradisjonen me byggjer vidare på i Leveld Kunstnartun.

4. Ål i Hallingdal
Ål kommune med sine 4.700 innbyggjarar har kultur som satsingsområde, og har eit sterkt kulturliv sentrert om Ål kulturhus, med scene, konsertsalar, Rolf Nesch Museum, bibliotek, kino og utstillingslokale. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv.
Helse er eit anna satsingsområde knytt til Ål bu og behandlingssenter og Hallingdal Sjukestugu. Ål har vidaregåande skule, og på Bakketeigen ligg Ål folkehøgskole og kurssenter for døve.
Tilkomst: Ål ligg midt mellom Oslo og Bergen, lett tilgjengeleg med Rv7 som viktigaste tilkomstveg. Bergensbanen stoppar på Ål. Leveld ligg 13 km frå Ål sentrum, med daglege bussamband. Henting kan eventuelt avtalast. Tek stipendiaten med eigen bil, gir dette endå fleire moglegheiter for flotte utflukter i nærområdet.

5. Søknad
Send søknaden til leveld.kunstnartun@gmail.com innan 20.februar 2017
Det er ingen søknadsskjema, men søknaden må innehalde:
* Personlege data: Namn, adresse, tlf. mob. mailadresse, fødselsår, evt. webside, facebookside, profesjonsmedlemskap.
* Informasjon om deg sjølv som kunstnar og kunstnarisk produksjon.
Vis gjerne til foto, video, lydfiler, ref. til publikasjonar, verk, CV.
* Prosjektbeskrivelse for arbeidet under opphaldet.
* Grunngi ønsket om stipendopphald i Leveld Kunstnartun.
Søkjer du i tillegg E-CO Energi sitt stipend for yngre, nyutdanna kunstnarar, må du også grunngi dette.
Skriv ønskt opphaldsperiode (1-3 månader.).
Ver snill å oppgje om du er innstilt på å bu saman med andre kunstnarar i Lærarbustaden.

Følg Leveld Kunstnartun på Facebook

ECO_LOGO_RGB_6-61-91 (2)