Om oss

HusetLeveld Kunstnartun er ein arbeidsstad der utøvande kunstnarar, kulturarbeidarar og kunstfagfolk kan arbeide i kortare eller lengre periodar, og der utøvarar med ulik bakgrunn kan arbeide på tvers av sjangrar.

Leveld Kunstnartun kan tilby ein bygdenær og stille stad, der naturen, årstidene og lyset gir inspirasjon og gode rammevilkår.

Tufta på dette innhaldet ynskjer Leveld Kunstnartun å bli ein lærestad som kan tilby kurs og undervisning.

I tillegg legg Leveld Kunstnartun vekt på formidling.

Sjå NRK-reportasje frå Leveld Kunstnartun her

Leveld Kunstnartun er ei frivillig forening stifta hausten 2011. Initiativet kjem frå grasrota i Leveld, og folk har støtta heilhjarta opp om tiltaket. I dag har foreninga 170 medlemmer som har reist ein kapital på over 1 million kroner.

Forfattar Jostein Gaarder har engasjert seg sterkt for kunstnartunet, og seier dette om etableringa:

«Eg trur Leveld Kunstnartun vil få nasjonal betydning og kanskje også vekkje internasjonal interesse».

Følg Leveld Kunstnartun på Facebook

Leveld Kunstnartun har offentleg støtte frå Kulturdepartementet, Buskerud fylkeskommune og Ål kommune.

Ål - annonsemal Bfk-logo-CMYK

ECO_LOGO_RGB_6-61-91 (2)