Historia

Microsoft Word - Leveld_kunstnartun_konseptet.docSjå NRK-reportasje frå Leveld Kunstnartun her

Kunstnartunet byggjer på Leveld si kulturhistorie. Frå 1930 og utover kom eit tjuetals kunstnarar til bygda for å arbeide, dei fleste målarar. Thor Bøhn og Gøsta Munsterhjelm var blant dei fyrste, og mange følgde etter: Karl Høgberg, Kaare Wildhagen, Fridtjof Smith-Hald d.y., Alvhild Bratt, Hetty Gleditsch, Pelle Roll Thommesen og Alf Jørgen Aas. Dei budde på gardane og vart ein del av bygdemiljøet. Mange av dei var knytt til det antroposofiske miljøet, inspirert av Göthes fargelære.

Nils Ellingsgard, som har skrive om biletkunsten i Hallingdal, meiner desse kunstnarane skaffa Leveld ein plass i norsk kunsthistorie.

Bjørneboe-loftet, teikna av WeissRe: Jens Bjørneboe. BJørneboe i solveggen.

Agnar Mykle og Jens Bjørneboe var blant forfattarane. Begge bygde seg feriestad i bygda. Bjørneboe kjøpte eit loft som han på 50-talet brukte til ferie- og arbeidsstad.

- Jeg tror det er umulig å forstå hvordan Bjørneboe utøvde sitt forfatterskap og klarte å utvikle seg som forfatter uten å kjenne til disse somrene i Leveld, seier Tore Rem som har skrive biografien om Jens Bjørneboe.

Gulle Brun og Signe Seim har begge funne ein del av eiga diktarstemme i Leveld. «Det måtte vera her» skriv Signe Seim i eitt av dikta sine. Ho var i fleire år lærar ved Leveld skule.

Leveld Kunstnartun ynskjer å ta denne historia vidare, tilpassa vår tid. I videoen under kan du sjå og høyre bakgrunnen for ideen om kunstnartunet.

Ål kommune Bfk-logo-CMYK

Ein tanke om “Historia

Legg att eit svar