Opning av Astridstugu

Astristugu 2Sundag 21. september er du velkommen til Leveld Kunstnartun. Då blir det markering av at Astridstugu er ferdig oppussa. Med det er alle eksisterane hus i tunet renovert, og det er investert for 4 mill. kroner, inkludet ein stor dugnadsinnsats.
Dette blir markert 21. september klokka 13.00.

Program:
- Omvisning og orientering i Astridstugu.
– Borgny Feten fortel om Astrid Haugen, heimehjelpa og heidersmennesket som budde i stugu. Borgny skriv bok/hefte om Astrid Haugen som blir gjeven ut på nyåret.
– Musikalsk innslag ved Margit Myhr og Erlend Apneseth.
– Omvisning i kunstnartunet der du også får møte biletkunstnar Oddbjørg Reinton som då bur i Læararbustaden.
– Kaffi og kake

Skogsutstillinga FREDLAUS, med tre unge fotografar, er også open. Me rår deg til å avslutte dagen med denne spennande utstillinga som har hatt stort besøk i heile sommar.
Vel møtt!

Søk om opphald i 2015

Bustadhuset i kunstnartunet.

Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt med andre?
Leveld Kunstnartun lyser ut  stipendopphald for perioden 1. januar til 31. juli 2015.

Arbeidsopphalda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv.

Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.
Unge kunstnarar kan i tillegg søkje om økonomisk stipend, E-CO-stipendet.
Søknadsfristen var 15. august 2014. Men det er framleis mogeleg å søke då det er litt ledig kapasitet i enkelte periodar.

Sjå full utlysingstekst her

 

Nettsida – no også på engelsk

Nettsida www.kunstnartun.no er no på to språk – norsk og engelsk. Dermed blir det lettare for utanlandske kunstnarar å skaffe seg informasjon om Leveld Kunstnartun. Klikk på underpunktet oppe til høgre for å skifte til engelsk/norsk.

Kunstnartunet fylt opp ut 2014

Det er stor interesse for å kome til Leveld Kunstnartun. Etter utlysing av arbeidsopphald på slutten av 2013, er tunet fylt opp ut 2014 med biletkunstnarar, musikarar og forfattarar.

IMG_7415Margit Myhr og Erlend Apneseth avslutta opphaldet sitt i slutten av mars med konsert på Leveldtun. Folkemusikarane har vore på opphald sidan tidleg i januar. På konserten fekk publikum oppleve drivande slåttespel og vakker kveding, improvisasjon og samspel. Konserten vart avslutta med at Torill Berdal frå E-CO Energi AS overrekte Myhr og Apneseth E-CO-stipendet 2013/2014.

Neste som kjem til Leveld Kunstnartun er skulptør Astrid Haugen.
Deretter følgjer desse:

- Lotte Konow Lund, biletkunstnar, Norge
- Domingo Pino, biletkunstnar, Spania
- Chloe Lelliott, fotograf, England
- Mette Egelund Olsen, forfattar, Danmark
- Bjørn Gustavsson, forfattar, Sverige
- Oddbjørg Reinton, biletkunstnar, Norge/Frankrike
- Roni Baroth, biletkunstnar, Israel
- Alex Jønsson, musikar, Danmark
- Anja Elena Viken, musikar, Norge
- Veronica Hodges, tekstilkunstnar, Norge/Danmark/USA

Musikarar får E-CO-stipendet

Erlend og MargitFolkemusikkduoen Margit Myhr (23) og Erlend Apneseth (23) er dei fyrste som får Leveld Kunstnartun sitt E-CO-stipend.

Stipendet går til unge, talentfulle kunstnarar på arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun. I det fyrste driftsåret går stipendet til Margit Myhr (vokal m.m.) frå Torpo og Erlend Apneseth (hardingfele) frå Jølster. Dei får begge eit stipend på 8000 kroner.

Myhr og Apneseth kom til Leveld Kunstnartun i januar, og skal vere her til slutten av mars. I denne perioden skal dei blant anna arbeide fram materiale til ein felles konsert som blir på Leveldtun fredag 21. mars.

- Me er glade for at stipendet i år går til folkemusikkduoen Myhr og Apneseth og ønskjer dei lykke til med opphaldet i Leveld og den planlagde avslutningskonserten mot slutten av opphaldet, seier Torill Berdal, HR og kommunikasjonsdirektør i E-CO Energi.

Leveld Kunstnartun er fornøgd med å ha Myhr og Apneseth på tre månaders arbeidsopphald. Prosjektleiar Michael Teisen set også pris på engasjementet og stipendsamarbeidet med E-CO Energi.

Erlend Apneseth i 2013:
Debuterte med soloplata «Blikkspor» som vart sleppt i oktober 2013. Same månad var han månadens artist på Riksscene. Han har også vore med Bergen Filharmoniske orkester i oppsetjinga «Peer Gynt – ei konsertforestilling», og spelt i Polen og Japan med strupesangar og joikar Torgeir Vassvik. Erlend debuterte i A-klassen på Landskappleiken med å spele seg til finalen og mottok Fureprisen på 50.000 kroner, ein talentpris for musikarar under 25 år.

Margit Myhr i 2013:
Starta i februar på «Kurs i berättande teater» ved Västanå Teater, og deltok i sommaroppsetjinga «Nils Holgersson» som gjekk for 53 fulle hus i Sunne i Sverige. Har hatt fleire konsertar med gruppa Firil, som sist vår gav ut plata «Smile som sumarsole». Med i Västanå Teater si forestilling «Farmors historier» som sist haust turnerte rundt i Sverige. Reiste til Isle of Man saman med Erlend Apneseth og gjorde konsert og workshops i lag med tre lokale musikarar frå øya. Var med på konsertprosjektet «Dei nye tradisjonsberarane» på Riksscenen og Osafestivalen med Ale Möller som mentor.

Støttar kulturlivet
E-CO Energi er oppteken av å støtte kulturlivet i Hallingdal, og Torill Berdal er imponert over dugnadsånda bak etableringa av Leveld Kunstnartun. Derfor ønskjer E-CO Energi å støtte dette initiativet ved å dele ut eit årleg stipend til unge og lovande kunstnarar uavhengig av sjanger.

- Me ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med Leveld Kunstnartun og håpar mange unge kunstnarar får nyte godt av tilbodet i åra som kjem, seier Torill Berdal.

Søk på stipendopphald 2014

Tunet 2Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt med andre?
Leveld Kunstnartun lyser ut  stipendopphald for perioden 1. august 2014 og ut 2014.
Stipenda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv.
Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.
Unge kunstnarar kan i tillegg søkje om økonomisk stipend, E-CO-stipendet.

Sjå full utlysingstekst her

For English text

 

Kunstnartunet er i gang

imageTo år etter at Leveld Kunstnartun vart stifta, er fyrste byggetrinn gjennomført og drifta komen i gang. 1. september 2013 tok biletkunstnar Hartvig Stenholdt Hansen frå Danmark bustadhus og atelier i bruk,
hartvigstenholdt.dk

Det vart ein god arbeidsperiode i Leveld, med innlagt foredrag og utstilling før han avslutta opphaldet tre veker seinare.

Sjå NRK-reportasje frå Leveld Kunstnartun her

imageDen neste på stipendopphald er tekstilkunstnar Hele M. Sæther. Ho skal vere på eit seks vekers opphald. Sæther fortalde om sitt arbeid i kunstnartunet under open dag for hyttefolk sundag 6. oktober. Sjå heimesida hennar her:
helensaether.com

Fram til august 2014 vil åtte kunstnarar bu og arbeide i Leveld Kunstnartun. Det er biletkunstnarar, tekstilkunstnar, multimediakunstnar, komponist og musikarar, frå Norge, Danmark og England.

Stipendopphald for andre halvår 2014 vil bli lyst ut i løpet av hausten 2013.