Tunet

Tunet 2Lærarbustaden
Huset er bygd på 1950-talet og var lenge bustad for læraren i  bygda, derfor namnet. Lyrikar Signe Seim budde her den tida ho og ektemannen Nils var lærarar i Leveld. Huset er nyoppussa, men utan å ha endra noko særleg på utsjånaden. Det er to store soverom, med plass til 2-4 personar, nytt bad, nyoppussa kjøkken og to stover. Det sosiale bufellesskapet er ein del av tanken med Leveld Kusntnartun. Det vil høve for kreative arbeidslag, kunstnar med familie, studentgrupper eller kunstnarar som søkjer fellesskap.

IMG_2110Astridstugu
I det raude huset ved sida av budde Astrid Haugen i si tid. Gjennom eit langt liv virka ho som heimehjelp og omorgsperson i bygda. Ho levde eit nøysomt liv i den vesle stova. Tanken er å vare på hennar historie i dette dokkehuset der alt er lite. No er huset ein del av kunstnartunet, og stod ferdig oppussa hausten 2014. Huset inneheld stove med kjøkkenkrok, bad og eitt soverom. Eignar seg for bustad for 1-2 personar.

UthusetSkålen
Eit to etasjar uthus som er bygd om til atelier. I den øvre etasjen er det eit 20 kvadratmeter stort isolert arbeidsrom, eigna til ulike type skapande aktivitet. I underetasjen er det eit enkelt arbeisrom til sommarbruk. Ombygginga av skålen vart støtta økonomisk av Norsk Kulturminnefond og Buskerud fylkeskommune.

Loftet SigneBjørneboe-loftet
Loftet er eit viktig kulturminne. Forfattar Jens Bjørneboe og kona Lisel kjøpte loftet tidleg på 1950-talet og sette det opp som hytte. Bjørneboe var utdanna biletkunstnar. Han måla delar av loftet i samsvar med fargelæra til antroposofen Rudolf Steiner. Her i loftet skreiv han mellom anna på boka Jonas som gav han gjennombrotet som forfattar. «Det er umulig å forstå hvordan Bjørneboe utøvde sitt forfatterskap og klarte å vokse og utvikle seg som forfatter uten å kjenne til disse somrene i Leveld», skriv Tore Rem i den store biografien om Jens Bjørneboe. Loftet måtte flyttast frå si opphavlege tomt, og er no i nært samarbeid med Bjørneboe-familien ein del av kunstnartunet. Bjørneboe-loftet er eit kultursmykke, ein skrivestad og eit tankeloft.

Låven
15202575_1051485884960565_3048951590457403503_nLåven er ein arbeidsverkstad som speglar vår tids arkitektur, med to gode studio/atelier i andre høgda, og forsamlingslokale/fleirbruksrom med kjøkken i 1. etasje. Det er arkitekt Ola Haug Hagen som har teikna bygget. Dei fleksible løysingingane inviterer til fleirbruk. Her kan kunstnarar med ulik profesjon, ein kunstnarfamilie eller eit kunstnarlag starte ein prosess, kome vidare eller avslutte eit arbeid. Låven vart teken i bruk hausten 2016..



Følg Leveld Kunstnartun på Facebook