LEVELD KUNSTNARTUN AiR

Opphaldet er tiltenkt ulike type kunstnarar: biletkunstnarar, forfattarar, musikarar og kulturarbeidarar m.v. Det er eit vilkår at ein er medlem i ein fagorganisasjon, til dømes Norske Billedkunstnere, forfatterforeninga m.v., eller at ein kan legge fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.

LKT tilbyr gratis opphald med bruk av verkstader og internett. Kunstnarane må sjølve ta med materiale. Opphaldsperiodane er 1-3 månader.

Det er eit vilkår at dei som får eit arbeidsopphald formidlar sine prosjekt eller relaterte emne lokalt, i form av utstilling, opplesing, kurs, konsert e.l., anten i kunstnartunet eller andre eigna stader i Hallingdal.

Tilkomst: Ål ligg midt mellom Oslo og Bergen, lett tilgjengeleg med Rv7 som viktigaste tilkomstveg. Bergensbanen stoppar på Ål. Leveld ligg 13 km frå Ål sentrum, med dagleg bussamband. Henting kan eventuelt avtalast. Tek ein med eigen bil, gir dette endå fleire moglegheiter for flotte utflukter i nærområdet.

3.jpg

 

 

 

 

 

 

20170824_185125.jpg

Arbeidsopphold 2023/2024

Neste frist for å søke opphald ved Leveld Kunstnartun er 15. april 2022.

Då tildeler vi opphald for september 2023 - september 2024.

Bruk skjemaet på nettsidene våre.  

Untitled-2.1.jpg

Leveld Kunstnartun består av:

Lærarbustaden – frå 1950-talet. Huset er på 168 m² og har to doble soverom. Det eine har ekstra seng i ein nisje. Det er nyoppussa kjøkken, bad og toalett. Huset har to lyse stover med spise- og arbeidsbord, sofa, reol m.m. I underetasjen, med vindauge, er det garasje/lagerrom. Det er internettilgang. Ved normal bruk kan 1-2 personar bu i huset, men det er mogleg med opphald for opp til fire-fem personar i samarbeidsprosjekt/miniseminar, så sant ein kan dele soverom. 

Astridstugu er ei bueining på 45 m² med eitt soverom, bad, kjøkken og stove. Astridstugu har plass til 1-2 personar.

Skålen inneheld eit 20 m² atelier/verkstad, fleksibelt bygd til ulik type bruk, med bra lys og arbeidsbord.

Bjørneboe-loftet (stabbur) har to etasjar med tre opphaldsrom og kan brukast som inspirasjonsrom og skrivestove.

Låven inneheld to atelier i øvste høgda, eit på 50 m² og eit å 25 m². Begge er fleksibelt bygd til ulik type bruk, med bra lys og gode areal. I nedre høgda er det eit stort forsamlingslokale med kjøkken.

Opphaldet er basert på sjølvhushald og eige sluttreingjering. 

Av omsyn til fleirbruk kan brukarar av tunet ikkje ha med kjæledyr.

Untitled-2-1.jpg